Festdag med Bodil Nordjore og Bygdekvinnelaget

Skulen var knapt i gang i haust då Bygdekvinnelaget ved Hilda Nes kontakta skulen og lurte på om me var interessert i ein bakedag med Bodil Nordjore.

 

Ei slik gåvepakke sa me sjølvsagt ja til, og me takkar bygdekvinnene med Hilda Nes i spissen for eit strålande flott initiativ. I år er havre sentralt tema i Norges bygdekvinnelga, og elevane laga ikkje mindre enn fire produkt med havre som ingrediens denne dagen. 4. - 7. trinn her på skulen og på Fjone baka ein heil dag saman med Nissedal bygdekvinnelag og Bodil. Havrelefse, havreflarn, havrebrød, og ikkje minst ekteskapslykke fekk elevane lage.

 

Meisterkokk på besøk

Bodil er ute med rykande fersk bok i desse dagar, men hadde tid til ein dag med skuleelevane i Nissedal. Det er flottt!

Felles samling på starten av dagen

Litt informasjon og prat i starten på dagen

Oppskrifter må lesast

Å lese oppskriftene godt før ein set i sving er nødvendig.

Mange kokkar, men lite søl

Bygdekvinner og elevar i skjønn forening.

Det går i havre

Ivrige elevar med kyndig støtte og hjelp.

Havrelefser

Flotte, velsmakande havrelefser ser dagens ljos (i alle fall ei lita stund...)

Bodil i aksjon

Her må det handmakt til.

Foreldre med smaksprøver

Foreldre stakk innom og fekk smaksprøver

Takk for ein flott dag!

Ein flott gjeng som også fekk besøk av ordføraren denne minnerike havredagen.

 

Tilbake til startsida

Ansvarleg:Bent Arve Bratås